Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

Skulemuseum

Ideen til eit skulemuseum fekk Jon Torolf Forseth i 1980-åra. Han var da vaktmeister ved Myra Skule. Else Kveine, lærar ved skulen, med fleire, støtta tanken. Da Myra Skule vart nedlagt i 2002, vart det meste av aktuelt utstyr samla og til slutt flytta til Prestegarden.

I 2011 vendte Birgit Kraabøl fra historielaget seg til Torgunn H. Maurset og spurde om ho ville ta ansvar for oppstart av ei nemnd som kunne ta seg av arbeidet med eit skulemuseum for Gausdal. Denne nemnda har hatt følgjande medlemmar: Ragnhild Bjørge, Marie Ellingsberg, Inga Johanne Pighaug og Torgunn H. Maurset.

10. nov. 2013 var Gausdal skulemuseum opna i "Strømsalen" i Østre Gausdal prestegard. Det er Gausdal Historielag som leiger rom til museet, som inneheld møblar, bøker, plansjer og undervisningsmateriell i fleire fag. Elevarbeid er også plassert der. Da Myra og Svatsum skular vart nedlagde, tok vi vare på mange ting for ettertida. Seinare er det kome med ting frå Engjom, Follebu, Fjerdum og Forseth. Elevbilete er samla i ein perm da det ikkje er plass til å henge dei opp.

Det har vorte besøkt av bygdafolk og skuleklasser og ved arrangement  med tilbod om omvising. Vårt ønskje er at museet blir bruka av dei tre skulane som er  att i bygda og for dei som kanskje er flytt ut av bygda. Her kan dei få omvisning og ein liten skuletime frå gamle dagar. Særleg tenkjer vi på ungar som ikkje veit noe om dette.

Vi er framleis interesserte i gamle skulesaker, da vi har eit magasin i 3.høgda der vi kan taka vare på desse.

Til slutt vil vi oppmode dei som ønskjer å besøke museet, ringe ein av desse telefonane:

Torgunn H. Maurset 480 98 585.

Ragnhild Bjørge 957 01 316.

Marie Ellingsberg 991 23 857.

Del denne siden med andre!

Share on FacebookShare on Twitter

Logg inn